søndag 29. mai 2011

Recless-Hud av stein

Av Cornelia Funke
Hud av stein handlar om Jacob Reckless, han har levd i ein eventyr veren i verdnen gjennom speilet, men ein dag følgjar broren Will etter. Dei blir angrepet av goylere, dessverre blir Will skada. Og det begynner å gro goylhud på han. I stede for å slå han i hel som alle andre ville gjort i Jacobs situasjon, veljar han seg for å prøve å redde broren. Men for kvar dag som går blir Will meir og meir ulik seg sjølv og meir og meir lik goylerene. Dei reisar gjennom heile speilverda etter ein motgift, før dei forstår at den einaste som kan bryte forbanninga, er den svare feen. Men for å gjere det blir Jacob nøyt til å forråde heile kongerike og la goylerene ta makta.  
Reckless-hud av stein var ei underhaldande bok å lese, med mykje humor men også alvor. Vir få oppleve kor langt nokon er villige til å strekkje seg for dei vi er glad i. I historia i speilverda er alle dei gode gamle eventyra som vi kjenner så godt plassert frå Tornerose til Hans og Grete, men også mange vi ikkje har høyr om før. Eg anbefaler denne boka til alle som, setter pris på å drøyme seg bort med ein eventyrs bok, det er ein bok for både barn og vaksne.

søndag 22. mai 2011

Dramatisk dikting


Drama er gresk og tydar handling. I eit drama blir handlinga vist direkte gjennom kva personane seiar, og gjer. Personane kan vere i ei konflikt med kvarandre, på grun av ulike tankar og meiningar. Derfor kan drama definerast som eit spel mellom motsetnigar som tenkar og handlar ulikt.
Dramatisk dikting blei til i Helas i antikken, man reknar med at det var ca. i 550 f.Kr. skodespela som blei laga i antikkens tid og fram over blir kalla det klassiske dramaet.  Det greske dramaet startar slik:
Innleiing: tid, stad og person blir presentert, samtidig som at vi får høyre om konflikten/problemet
Hovuddelen: konflikten voksar, og spenniga stig gradvis mot eit eller fleire vendepunkt.
Avslutning: problem/konflikten blir løyst, negativt eller positivt. 



Jon Fosse
Jon Fosse er ein norsk forfattar og dramatikar. Født 29. September 1959 i Haugesund. Han har skrevet både skuespill, barnebøker, noveller, romanar, diktog essays, og hans verker er oversat til meir enn førti språk.
Han debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart

fredag 15. april 2011

5 kjenneteikn på lyrisk dikting


Konsentrasjon
Dei fleste lyriske tekstar er konsentrert om augeblikket. Det er viktig å seie mest mogleg med så få ord som råd. Derfor må dikt kanskje lesast seint og opptil fleire gonger, for at lesaren skal forstå heile innhaldet.


Det visuelle
Det grafiske oppsettet og den uvanlege linedelinga i lyrikk og dikt, er eit viktig kjenneteikn. Det blir ikkje brukt ujamne høyremarg berre for det visuelle. Det blir skapt pausar i diktet, når bliket går til neste linje. Og dette kan skape spenning og forventningar.
Eit dikt kan vere strofisk, det vil sei at alle strofene er bygga opp i same mønster. Songlyrikk er ofte komponert slik medan moderne boklyrikk ofte er avsnittsdikt.
Avsnittsdikt har ikkje eit regelmessig mønster, men det betyr ikkje at linjedelinga er likegyldige.  Det fines kanskje ikkje ein regelmessig rytme i dikta, men det er skrevet slik at vi tar oss tid til å lese diktet, linje etter linje og verkeleg forstå kva som eigentleg  står der.
Eit døme er diktet <<En virkedag>>     


Bor eg her?

Kjenner fortsatt sjøgang


Som det ene hjulet  på en handlevogn som alltid skjener


Slik leter eg eller deg
                                                 Espen Stueland

 Det musikalske
I lyrikken er det musikalske veldig viktig, fordi sjangeren utnyttar klang- og rytmeeffektar meir enn nokon ander sjangrar. Når nok blir gjentatt om og om igjen blir det tilslutt ein takt. Til dømes <<hal-i-og-dra!>>


Elle melle
deg fortelje
skipet går
ut i år
rygg i rann
to i spann
snipp,  snapp snute
du er ute


I denne regla er det veldig viktig å halde takten, slik er det ofte i barne rim. Men for dei som er eldre er det ikkje alltid takten er det viktigaste, men orda som vert brukt, ved å seter trykk  på ord som virke naturlege å understreke.


Gjentaking og krontrast
Når ord og linjer blir gjentekke, blir det skapt ein heilt spesiell rytme.
Eg går ikkje ut lenger, ei uro komen over meg, og eg går ikkje ut (…)
Ei uro er komen over meg. Eg veit ikkje kva det er, men uroa verker i den venstre armen, i fingrane.
                                                                                                                                        Frå Jon Fosse: Naustet
I dette diktet skaper gjentakingane ein uroleg rytme, og det blir eit språkeleg utrykk for uro. Akkurat som at gjentaking understreka tematikken i eit dikt, kan også kontraster og motsetningar gjere dette. Til dømes liv mot død, natt mot dag.


Poetiske bilete
Det blir brukt mange ulike bilete i dikt for å få frem bodskapen. Dette blir ofte kalla samanlikningar, metaforar, symbolar, besjeling og personifikasjon. Metaforar er med på å  konsentrera og fortetta ein tekst, samtidig som dei kan gje fleire tydingar, samtidig som eigenskapar frå to ulike områdar blir satt opp mot kvarandre. Men metaforar er dristigare enn samanlikningar, ordet <<som>> er borte. Å besjela er å <<gi sjel>> eller meskelege eigenskapar tol ein ikkje-menneskelig ting, til dømes seks gravemaskinar kom og åt av skogane min. Gravemaskinar kan eigentlig ikkje ete av ein skog, fordi dei ikkje er levande.  


Dette diktet har eg valt og analysera

Einsamflygar
Barn ikkje le av den fuglen
som flaksar så hjelpelaust av stad.
Vinden har skilt han frå dei andre
som flyg over havet i ei jamn tett rad.

Vinden valde ut denne eine
og kasta han ut av den usynlege lei
som fuglar av hans slag plar følgje.
Han er ikkje lenger ein av dei.

Sin eigen veg må han finne
eller – om han trøytnar om litt –
gi tapt la seg falle gå under
slik går det desse einsame titt.

Det mørknar vidt over havet.
Ei frostnatt kvesser sine jarn.
Ein fugl flyg einsam under stjerner.
Ikkje gråt for den fuglen barn.

Einsamflygar er konsentrert om augneblinken, fordi handlinga skjer over veldig kort tid, samtidig som ei stemme gjev utrykk for stemninga i diktet.
Dette er eit tradisjonelt strofedikt, på grun av at det er like mange versliner i kvar strofe og at linelengda i verslinene er nok så lik, men det er også brukt enderim og faste rytmar i diktet. I versline 2 og 4 er det enderim der orda rimar på kvarandre (F.eks. stad og rad)  Linjene er delt slik at annenkvar linje rimar, det er også satt inn lit halvrim.
I ”Einsamflygar” startar det trist og går nedover til dystert og håplaust i strofe tre, men i strofe fire snur stemninga seg mot håpefullt. Det er også brukt kontraster og gjentakingar i diktet, den første og siste strofa er eit eksempel på gjentaking, fordi de er ganske like. Strofe ein starta med at det blir sagt  ”Barn ikkje le av den fuglen” og strofe fire avslutar med ”ikkje gråt for den fuglen barn”. Men de er også et eksempel på kontraster, fordi den første strofa framstiltes fuglen som hjelpelaus og einsam, mens den siste strofa viser at fuglen klare å komme seg sin egen vei for det om han er aleine. Ingen brå overraskingar er gjømt i diktet, det glir forsiktig frå det eine til det andre.
Det er brukt mykje metaforar og besjelingar i ”Einsamflygar”. Fuglen som flyg aleine er ein metafor for mennesket, og fuglefloken kan vere ein metafor for menneska og samfunnet. Og vinden er ein metafor for motgang og tilfeldigheitar det vi ikkje kan for ut sjå og ha kontroll over. I diktet står det at ”Vinden valte ut denne eine og kasta han ut av den usynelige lei”, men vinden kan ikkje velje kva den skal blåse bort det er heilt tilfeldig, derfor er det også blitt brukt besjeling. Barnet er ein metafor for dei naive som står utanfor, og ikkje veit kva som har hent med personen. Havet er den store hindringen som vi må krysse før vi er trygge og på fast grunn igjen, og frostnatta er lidingane og vondskapen personen må i gjennom.
­­Eg valte å ta dette diktet fordi eg har jobba med det på skolen, i lyrikkprosjektet. Og når du har jobba med noko før er det mye lettare å finne fram til det du er ute etter. Men også fordi eg liker det veldig godt, spesielt bodskapet i diktet.  

søndag 27. februar 2011

Reklamepausar i filmar/seriar på TV


Reklamepausar i filmar/seriar er noko av det verste eg veit. Reklamepausen kjem alltid når det er aller mest spennene, og du er heilt vill etter å finne ut kva som kjem til å skje vidare.
Det er urettferdig at vi må pinne oss gjennom heile reklamen for å finne ut kva som kjem til å hende. Det ender ofte med at eg skrur av fjernsynet fordi eg blir så irritert av å sjå på den same reklamen om og om igjen kvar pause. Reklamepausane er nok nøye planlagt slik at det er så spenndane at folk blir sittande, berre fordi dei ikkje vil gå glipp av kva som skjer vidare.
Eg skulle ønske at vi ikkje hadde reklame i Noreg, slik som det var før. Det hadde vore veldig greitt om vi kunne valt bort reklamen og slepet heile greia synes eg. 

søndag 13. februar 2011

Mitt forhold til bildar

Eg er veldig glad i bildar, spesielt dei med flotte fargar. Bilete er veldig viktige for meg, dei er med på å gi meg energi, eit kaldt bilete kan få meg til å føle meg tom og energilaus men, eit varmt kan få det til å boble inni meg av glede.
Vis ein avis har eit spenndane bilete på framsida, så er det ganske sannsynleg at eg blir interessert i å finne ut kva som står i avisa. Og slik er det også ofte med bøker, har boka ei spenndane framside så er sjansen støre for at eg velgar å lese den.
Bildar kan også få deg til å tenke og lure på kva dei som laga dei tenkte. Det seies at eit bilete kan sei meir en tusen ord, og det er heilt sant synes eg. Ord må settes samen i heilt riktig rekke følgje for å gi meining, men i bilete der er det berre å sjå og føle.

søndag 6. februar 2011

Eit møte mellom to


Dei gamle, grå husa låg øvst i  skogbrynet. Det var aldri nokon som gjekk opp der, og ingen som kom der frå. Mari lurte på kva som fantes der oppe, budde det nokon der eller stod husa der oppe tomme.  Så lenge ho hadde levt, hadde ho aldri høyrt eller sett nokon kome eller gå der i frå.

Ho fantaserar ofte om at det budde nokon der. Og om at dei treng hennar hjelp. Det var liksom ikkje nokon som hadde bruk for ho heime. Mor og far tenkte som regel på jobb eller husarbeid. Og mor likte best å gjere alt sjølv heime, for då fekk ho det skikkelig gjort med ei gang. Det var det ho svara når Mari spurte om ho ville ha hjelp. Dei to brørne hennar hadde blitt 18 og 20 og var opptatt av jenter og slikt.  Dei hadde ikkje tid til å erte ho ei gong. Før skulle dei alltid erte og tulle med ho. Eller ho erta dei, og dei lo av henne. Men det var lenge sidan sist. Dei liksom bare oversåg henne. Spurte ho om noko, fekk ho himlande auge og sukk til svar. Dei var ikkje tilgjengelige.

Det skulle komme ein gut springande ned frå husa som låg opp i skogbrynet. Han skulle spør henne om hjelp, og ho skulle redda han frå vonde tankar og vonde folk. Dei skulle bli venar for livet. Kanskje ho kom i avisa og blei kjent for at ho hjelpte han. Det hadde vært fint. Då ville mor og far sjå kor flink og god ho var! Kanskje dei ville spør ho om hjelp, eller seie at; Du Mari, du som er så klok og god, kva synest du me skal gjera. Det hadde vært godt, tenkte Mari, med seg sjølv. At nokon kom til ho for hjelp og råd. Men nå var det ingen som gjorde det. Ho følte seg ofte einsam heime i huset ho budde i. Fordi om det var fire andre som budde der. Alle hadde det så travelt med sitt eige liv, at dei liksom gløymde at ho eksisterte.

Dei som budde i dei grå husa skulle være sky og redde for alle i nærleiken. Dei skulle bare tore å snakke med ho. For ho var så klok og god. Privatliv skulle være det viktigaste for dei sky menneska som budde i dei grå husa. Mari kunne aldri hugse at nokon hadde sagt noko om dei grå husa øvst i skogbrynet. I fantasien hennar var det ein koselig liten familie som budde der.

Mari var ofte trist. Det var som om ho hadde fått en klump i magen som voks og voks. Den hadde nesten vært umerkelig i byrjinga, som ein druestein. Men nå føltes den som en appelsin. Appelsinen var tung og bære, og det var liksom ein vond og bitter appelsin. Den sendte liksom ut sur og bitter saft, slik at ho sjeldan gløymde at ho hadde den med seg. Det var ikkje søt og gylden saft i denne frukta.

På skulen haldt ho seg mest for seg sjølv. Ho orka liksom ikkje være med dei gamle venninnene sin lenger. Dei prata bare om kler, sminke og gutar. Akkurat som om det skulle være så interessant. Det var jo ting som ikkje var viktige i det heile. Ho ville heller snakke om dei viktige tinga her i livet. Slik som, kvifor det er så mykje krig og vold i verda, og kva kan vi gjere for å få ei betre verd. Ho lurte nokon gonger på om ho kom til å bli vaksen. Om ho orka å bli vaksen, slik som verda var. Kva var meininga med livet eigentleg? Kvifor lever vi i slik ei verd?

Det var slike tankar ho tenkte når ho gjekk aleine ute. Fantasiane om at ho vart ein helt, var ein flukt frå alle dei tunge og mørke tankane og følelsane hennar. Når ho fantaserte så henda det at ho ikkje kjente den bitre og vonde appelsinen i  magen, for ei stund.

Det var søndag morgon ein dag i juli, og ho var ute på ein av utfluktene sine. Men denne dagen skjedde det noko ho bare hadde drøymd om. Det kom ein gut springande ned frå dei grå husa øvst i skogbrynet.
Han ville vekk frå alt og alle, skrika! Han kunne høyre broren enda. Scenen spilte seg av igjen og igjen, framføre auga hans.  Han kunne høyre, sjå og føle at han var med i filmen. Micka sprang mellom dei gamle grå husa, der det ikkje lenger fantes teikn på liv. Husa hadde for lengst gitt opp kampen mot mosen, og han kunne sjå at treverket var i ferd med å rotne bort.

Han måte ha oppdaga det nå snart? Ville han ikkje komme etter, og dra han tilbake slik at ingen kunne sjå han. Kanskje måtte han rotne bort i ein mørk, kald og fuktig kjeller, som lukta av mugg. Eller ville han bli slått, slik at alt blei svart, slik som sist gong. Då vakna han opp på golvet, i ein blodpøl, og hovudet dunka som besett. Såra på ryggen var enda  vonde. Det hadde blitt verre med desse kampane dei siste vekene. Han var ikkje sterk nok. Broren var som besett. Han hadde ikkje moglegheit til å ta opp kampen med han. 

Blodet pumpa i årene, hovudet dunka i takt med hjarta, og han hadde blodsmak i munnen. Han Sprang for livet,  han måtte bort. Han kom til å bli drepen elles. Om han bere kunne komme over sletta så ville han vere trygg. Da ville ikkje broren kunne finne han.  

Plutseleg fekk han auge på ei ung jente ut på sletta. Kva gjorde ho her, skulle ho også ta han. Ho var kort og tynn, med brunt langt hår. Det virka ikkje som om ho var spesielt sterk eller farleg, ingen trussel altså. Men skinet kan bedra, hadde han lært. Plutseleg ropte ho ut noko til han. Men kvifor kunne han ikkje forstå kva ho sa?  

Mari såg at guten kom mot ho. Mari blei nesten litt redd, men ho henta seg inn igjen. Nå skulle ho hjelpe han slik at mor og far endelig skulle bli stolt av ho. Dagen skulle bli redda på grunn av ho. Då må ho ikkje vere redd. Men kvifor såg han så redd  ut. –Hei du, kva er det for noko, treng du hjelp! Ropte ho til han. Guten stoppa, og stira på Mari. Kva er det med han. Var han stum eller noko. Guten såg fiendtleg på ho. Ville han ikkje snakke med ho, appelsinen kom tilbake. Den begynte å vekse, ho kunne kjenna gifta strøyme ut frå den.

Jenta byrja og grine, men kvifor? Han hadde ikkje gjort ho nokon ting, Micka nærma seg forsiktig. Han ønska ikkje å sjå ho gråte, det var vondt og forvirrande på same tid. Han prøvde å fortelje at han ikkje forstod henne, men han hadde ikkje ord.

Han og familien hadde flykta frå  Afghanistan for mange år sidan, men dei hadde ikkje fått lov til å bli i Noreg. Micka og broren hadde rømt frå politi og asyl då dei skulle sendast tilbake til krig og død, i heimlandet sitt. Men til kva pris. Han kunne ikkje forstå språket i Noreg, og jobb var det ikkje mogleg å få, utan papir. Broren hans var sjuk, det hadde han forstått. Men dei to var åleine. Ingen kunne hjelpe dei. Om broren bare hadde slutta og tru at han var i Afghanistan og slåss i krigen igjen, og hadde sett at det var broren sin han slo og banka. Dei hadde jo vært einige om at dei skulle stå saman.

Mari ser guten springa vidare, og det han seier er umogleg å forstå. Ho kjenner ei kjensle av tomheit. Var det ikkje meininga at ho skulle gje han hjelp. Mari orka ikkje meir, heime brytar ho saman. Tårene flomma ut som ein stor foss., eg orkar ikkje meir hulka ho. Mora stopper å vaska og faren legger i frå seg jobben. For dei kan sjå at ho treng hjelp og trøst.

onsdag 12. januar 2011

Nyttårstale 2011

Eg skal skrive litt om Stoltenbergs sin nyttårstale. Der eg vil skrive om kva tema han har snakka om. Kva  han synes er viktig å jobbe med  i det nye året og kva som er bra med året som har gått. Samtidig som eg vil sei kva eg meiner. Dei viktigaste temane han snakkar om må vere Noregs framgang, global oppvarming og pensjonsordninga for dei gamle.
Stoltenberg startar talen med å snakkar om alt det som er bra med det som har hendt i Noreg dei siste hundre åra, og all framgangen  vi har hatt. Frå å vere eit av dei fattigaste landa i Europa til å bli eit av dei beste landa å bu i.  Og dette blir stadig gjentatt i talen til Stoltenberg. Bodskapet i talen må vere det at  Noreg har hatt stor framgang, men vi må ikkje gløyme at det er mange som har arbeida for at vi skal få det som vi har det i dag. Og dette må vi ikkje gløyma.
Stoltenberg  legg spesielt  vekt på dette når han forteljar om kva vi har å takke dei eldre for som bygga opp landet til å bli ein velferdsstat ingen har set maken til, han går så langt at han kalle dei for ”den fremste generasjonen.”
 Men det høyres ikkje ut som han oppfordrar dei unge til å gjere det same. Han  nemner faktisk ikkje nokon av dei unge med eit ord, betyr det at han ikkje forventar at vi er i stand til å gjere det same? Han forteljar også om at dei bygger ut helsetilboda til dei gamle, men kva hjelper vel det når kommunane ikkje har råd og kapasitet til å drive sjukeheimane. Eg høyrer stadig om at det må leges ned nye sjukeheimar på nyheitene, kvifor har ikkje desse kommunane råd til å drive dei.
Stoltenberg seier at den nye pensjonsordninga som blei innført frå 1. Januar vil hjelpe dei gamle slik at dei  kan jobbe, vis dei vil det eller bere ta det rolig å nyte livet. Og sidan levealderen stadig går opp, vil dei fleste få ein lang pensjonisttid, men vil ikkje det bety at dei unge må jobbe mye hardare en dei før oss, for at pensjonistane skal få pensjonspengane.
Det blir også framheva at  vi går ein ny tid i møte  som betyr at vi må tenke nytt.  han forteljar at vi ikkje lenger mot andre land, slik   Amundsen og Scott gjorde, då kappløpet om Sydpolen pågjekk. Vi må samarbeide og stå saman mot drivhusefekten, for å hindre at isen smeltar.  
 Men eg må bere spørje når starta han å bry seg om miljøet?  Etter som eg har sett planleggjar han og mange andre stortingsrepresentantar å bore etter olje i Lofoten. Dette er ikkje spesielt bra for miljøet, kva skal vi gjere vis vi får eit like stort oljesøl der, som i Mexicogolfen?
Og ikkje gjekk det spesielt bra på klimamøtet i København heler, det skjedde ingenting der. Alle tok kvert sitt privatfly til  København, til ingen nytte. Eg synes at Noreg og alle dei andre rike landa i Europa og resten av verden,  rett og slett er for gjerrige. Dei ønskjer ikkje å gi i frå seg noko av luksusen som dei har, noko som er ganske sannsynleg vis dei skal kutte i utsleppa.
Stoltenberg brukar store ord når han snakkar, som vanleg. Ord som ``vi´´ er mye bruk, slik at vi får følelsen av at han snaker om oss. Det også satt inn mange kunstpausar i talen. Slik at vi skal få tid til å reflektere over orda han har komet med.
Eg synes at det var noko som mangla i talen, det blei rett og slett for mye positivt. Det negative mangla, det var ingenting vi skule jobbe spesielt med i det nye året. Eg har aldri hørt nokon nyttårstala før, derfor veit eg ikkje kva som er vanleg  for  ein nyttårstale. Men eg har likevel nokon formeiningar om kva eg synest ein nyttårstale skal innehelde.  
Eg synds at i ein god nyttårstale, bør man snakke om året som har gått. Lære av feila, ta med det gode tinga, og så gå inn i det nye året med nye blanke ark.